Skal danse om Kongepokalen

Marianne Nesset og Arne Ivar Blankenborg frå Vågå er eitt av 15 dansepar som skal konkurrere om å vinne Kongepokalen under Landskappleiken i Trysil.
Nyheiter

Onsdag 27. juni starta Landskappleiken i Trysil. Mange av dei beste folkemusikarane og folkedanserane er påmeldt for å delta på årets store folkemusikalske høgdepunkt.

I løpet av fem kappleikdagar blir det 70 timar med tevlingar. 1.500 deltakingar, fordelt på 460 startnummer. Det er Trysil-Knuts dans- og spelmannslag som er lokal arrangør.

I år har H. M. Kongen sett opp Kongepokal i eliteklassa for dans fele.

15 par er påmeldt og som skal kjempe om den gjeve pokalen, som har vore delt ut i ulike klassar på Landskappleiken sidan 1980. Ivar Schjølberg frå Vågå var det fyrste som vann Kongepokalen.

Blant dei 15 dansepara som skal kappast om Kongepokalen er det fleire lokale deltakarar.

Arne Ivar Blankenborg og Marianne Nesset frå Vågå spel- og dansarlag, Øyvind Sandum frå Vågå spel- og dansarlag og Renate Nysted Tønnesen frå FolkOrg, Anne Grete Nyseter Bjørgan og Rolf Bjørgan frå Sel og Otta spel- og dansarlag, Kjærsti Evjen Gangsø og Vegar Vårdal frå Vågå spel- og dansarlag.

Vinnaren av Kongepokalen blir avgjort etter ei eiga finale laurdag kveld. Denne kvelden blir det også finale i eliteklassene spel fele klasse A og spel hardingfele klasse A. Vinnarane frå finalane blir gjort kjent under Meisterkonserten sundag.

Landskappleiken starta onsdag med gruppespel for junior. Her stilte Feltrultun frå Lom og Ragna Valde Sletten og Åshild Aasgaard frå Vågå. I gruppespel for senior stilte Tufskrøkjun.

Torsdag var det dans fele klasse B. Her stilte Ola Grøsland og Live Visdal frå Vågå, Bjørn Kåre Bråten Odde og Astrid Sulheim frå Lom. I dans fele klasse C stilte Magnhild Moen Helland frå Lom med følgje, Ingrid Teigen Håkenstad og Bjørn Joar Nesset frå Vågå, Iselin Anna Aukrust og Ragnhild Grøna frå Lom, Emma Bakke og Joakim Øyen Dagsgard frå Vågå.

Torsdag er det også spel fele klasse C. Her deltek Ragna Valde Sletten frå Vågå, Lina Brenden frå Lom, Magnhild Moen Helland frå Lom, Ragnhild Grøna frå Lom, Ingebjørg Hammerdalen frå Lom og Iselin Anna Aukrust frå Lom. I lagdans junior stiller Vågå juniordansarlag.

Fredag er det lagspel for senior og junior. I seniorklassa er det 28 lag som deltek. Spelmannslag frå Gudbrandsdalen som stiller er Sel og Otta, Lom, Vågå, Mukampen, Sør-Fron og Eigentleg andre instrument senior. I juniorklassa er Lom eitt av seks lag.

I vokal klasse C stiller Lom spel- og dansarlag med seks jenter. Desse er Ingebjørg Hammerdalen, Julie Garmo, Iselin Anna Aukrust, Hanne Kjøk, Magnhild Moen Helland og Synne Kjøk.

I klasse Super-D som omfattar både dans, spel og vokal, skal Ola Grøsland frå Vågå og Ingrid Løkken frå Mukampen spel- og dansarlag, danse springleik.

Eirik Grøna frå Lom er ein av fire deltakarar i klassa for Durspel junior. Øyvind Sandum frå Vågå stiller i seniorklassa for durspel.

Laurdag er det i tillegg til Dans fele klasse A, også spel fele klasse A. I år samlar denne klassa 18 deltakarar. Her er det mange dølar som stiller. Astrid Sulheim frå Lom, Roger Slåstuen frå Mukampen, Hans Sandum frå Mukampen, Aslak O. Brimi frå Lom, Nina Owren Furuli og Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron.

I vokal klasse A er Mari Midtli frå Sel og Otta ei av 14 deltakarar.

Ein del av klassevinnarane frå Landskappleiken blir invitert til å opptre under Meisterkonserten i Operaen i Oslo den 11. november.