Ulykka skal ha skjedd på det smalaste partiet på eggen.

Ein person har falle om lag 10 meter.

Skadeomfanget er uavklart.

Luftambulansen er på staden og forsøker å ta seg ned til vedkomande.

Klokka 12.55 fortel operasjonsleiar ved Innlandet politikammer at vedkomande, ein mann, truleg er alvorleg skadd.

Det har førebels ikkje lykkast å få vedkomande ut. Terrenget er kronglete og utfordrande.