Ventar som vanleg mykje folk på festivalen i helga

Kvart døgn er 150 personar i sving for å hjelpe til under årets countryfestival.

Countryfestival: Arrangørparet Lena Jenny og Geir Ove Melby er klare for nok ein countryfestival på Skjåkøygard i Nordberg. Som vanleg er det venta mykje folk til festivalen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Vi må berre få takke alle som stiller opp og som hjelper til, seier arrangørparet Lena Jenny og Geir Ove Melby.

Torsdag går startskotet for Countryfestivalen i Skjåk, og som vanleg er det venta mykje folk til Skjåkøygarden i Nordberg. Mange hundre campingeiningar er bestilt på festivalcampen.