Lom kommune:

Restriksjonar på hagevatning

Stort vassforbruk og omfattande hagevatning har resultert i at Lom kommune innfører restriksjonar.

Annakvar dag: Folk kan vatne kvar andre dag, men det er berre tillate å bruke ein spreiar, melder Lom kommune.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Dette for å sikre vassforsyninga til alle - og for å kunne takle akutte hendingar, skriv Lom kommune på si heimeside.

Restriksjonane gjeld frå 27. juni til 31. august. Det er lov å vatne kvar andre dag mellom klokka 19.00 og 23.00, men det er berre tillate å bruke ein spreiar.

Det er husnummeret ditt som bestemmer dei dagane du kan vatne: På datoar med oddetal, er det tillate å vatne på eigedomar som har husnummer med oddetal. På datoar med partal: Husnummer med partal.

– Dersom desse tiltaka ikkje er tilstrekkelege, kan det bli innført strengare reglar, melder Lom kommune.