Rekordtidleg potetopptaking

Sankthanseftan starta innhaustinga av poteter i Nordberg i Skjåk.

Tidlegpoteter: Lena og Ola Sylfest Ødegård i Nordberg er allereie godt i gang med innhaustinga.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Vi har aldri opplevd ein slik maimånad før. Årsaka til at vi allereie er i gang er at det har vore så høg temperatur. Alt som spirer og gror skal ha varme, seier Lena og Ola Sylfest Ødegård.

Potetane vart sette i starten av mai, og laurdag 23. juni tok paret opp dei fyrste potetane på garden Dagsgardsøygard midtre i Nordberg i Skjåk. Dermed har dei slått den tidlegare rekorden med 14 dagar.