Spreke seniordansarar i Lom

... med ganske høg gjennomsnittsalder.

Spreke damer: Fremst, frå venstre: Agnes Eriksen, Anna Teigen, Thea Gjeilo, Janfrid Glimsdal og Ingeborg Haugen. Bak, frå venstre: Gerda Teigen, Eldri Bakke, Oline Stenersen, Anna Steinbakke, Brit Bosmen, Åse Haugen, Sølvi Nilsen og Julie Øyjordet.   Foto: Privat

Nyheiter

Til hausten har dei spreke dansarane i Lom planar om nybyrjarkurs i seniordans.

Målet er å rekruttere nye medlemar.

– Vi håpar på nye medlemar som kan få like stor glede av dansen og det sosiale samværet som vi har hatt sidan vi starta opp i år 2000, skriv seniordansarane i ei melding til Fjuken.

Tidlegare denne månaden hadde seniordansarane sommaravslutning på Billingen seterpensjonat i Skjåk. Det var eit klokt val, fortel dei – med god mat, feiande toradermusikk og dikt av Jan-Magnus Bruheim.

– Det vart ei minnerik stund! rapporterer damene.