Omfattande skadeverk i Dønfoss

Tysdag var det eit stussleg syn som møtte ungar og tilsette i Dønfoss naturbarnehage.
Nyheiter

Ved leirplassen deira, eit lite stykke unna sjølve barnehagen, har ein eller fleire gått laus og øydelagt det dei var kar om.

Inngangspartiet i lavvoen var sundslege, fleire store tre var felt med øks og delar av ei hinderløype var øydelagt.

Den eller dei som har gjort det, må ha brukt både krefter og tid på å øydeleggje såpass mykje.

Saka vart meldt til politiet, og det vart tysdag ettermiddag gjort undersøkingar på staden. Undersøkingane vil konkludere med om dette blir definert som mindre eller grovt skadeverk. Politiet ser alvorleg på hærverket.

Dei tilsette i barnehagen trur at ugjerninga kan ha skjedd i løpet av helga.

Politiet ynskjer tips om observasjonar eller anna i saka.