Ny Skjåkutstilling

Laurdag 7. juli er det opning av ny Skjåkutstilling i Bøstugu & Galleri Mathilde.

Populær utstilling: – Pågangen er enorm, fortel ei glad Mathilde Skamsar. Dette bildet er frå i fjor, da Skjåkutstillinga hadde 20-årsjubileum.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

– Pågangen er enorm. Jammen er det rart at det skulle ta 20 år før interessa liksom eksploderte, men det er utruleg artig! Eg kan love ei spennande utstilling. I år kan vi by på heile seks nye utstillarar, alle med lokal tilknyting, fortel ei travel Mathilde Skamsar.

Utstillarane i år er: Anne Sperstad Jakobsen, Ida Sperstad, Kari Utgaard, Sara Gloslie Basmoen, Silje M. Sperstad, Elin Åmodt, Bodil Daae, Randi Venke Flækøy, Anna Grande Melhus, Oddbjørn Ramstad, Inger Johanne Killi, Anna Strand, Mary Blikken Gravdahl, Brit Morken, Haldis Ofigsbø, Karen Melhus Dahl, Kari Brustugun, Nina Andrea Standerholen og Kine Wettergren.