Sundag starta NM i hanggliding med base ved Rikssenteret i Vågå.

Bortimot 30 pilotar deltek, av desse er det tre lokale pilotar; Olav Opsanger, Nils Aage Henden og Tore Holen.

I år er kongepokalen sett opp i hanggliding. Det er seks år sidan sist dette skjedde.

Nils Aage Henden er det einaste lokale pilot som har vunne kongepokalen. Han vann sin i 2005.

Konkurransen starta sundag med distanseflyging ned mot Frya. Måndag slo nordvesten ned på Vole og konkurransen vart avlyst denne dagen.

Tysdagen byr på fine forhold for pilotane som i dag skal fly frå start på Vole, ned til Harpefoss, attande og opp Heidal, over til Vågåmo og mål ved Rikssenteret.

Etter berre ein konkurransedag ligg Olav Opsanger på 2. plass, Nils Aage Henden på 3. plass og Tore Holen på 12. plass.

Laurdag er siste konkurransedag og da blir det klart kven som kan smykke seg med tittelen Noregsmeister og ta imot kongepokalen.

Nils Aage Henden vann NM og kongepokal i 2005 på heimebane. Foto: Arve Danielsen