Dina vann premie i mattemaraton

Dina Fossen på Vågåmo skule vann ein Chromecast i ei landsomfattande konkurranse i matematikk.

Glad vinnar: Dina Fossen i 6. klasse vann ein Chromecast. Her får ho premien av rektor Anders Kristian Nordnes.  Foto: Mona Flatum Moen

Nyheiter

Av Mona Flatum Moen

Under morgonsamlinga siste skuledagen på Vågåmo skule, kom fungerande rektor Anders Kristian Nordnes med ei stor overrasking.

I mai har Vågåmo skule delteke i Kikora sin mattemaraton på nett, og i den samanheng har skulen fått ein vinnar som var trekt ut av alle i landet som deltok. 120.000 elevar har løyst 42 millionar oppgåver. Elevane på Vågåmo skule har løyst 78.000, omlag 500 oppgåver per elev.

– Vågåmo skule si deltaking er i mattemaraton er ein del av skulen sin satsing på matematikk som har gått over fleire år, og som har gjeve resultat i betre skår på nasjonale prøver, sa Anders Kristian Nordnes.