1,33 millionar til Ullinsvin

Fylkesutvalet i Oppland har i dag løyvd 1,33 millionar kroner til magasin og galleri i Ullinsvin.

Glad: Tora Sandbu som er prosjektleiar for Ullinsvin kunst og kultursenter, er glad for at midlane som fylkesutvalet har løyvd.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Bygginga av magasin og galleri til 12 millionar kroner i Ullinsvin, er i gang.

Magasinet har ei grunnflate på 300 kvadratmeter og skal romme gjenstandar og arkiv til Vågå historielag, Gudbrandsdalsmusea, Nordalsarkivet og folkemusikkarkivet.

Det er Vågå historielag, eigar av Ullinsvin, som byggjer magasinet.