Med profesjonelle sykkelinstruktørar frå noregstoppen vart også årets sykkelcamp «Villa Xtrem» både lærerik og sosial for dei mange sykkelentusiastane som deltok i VillaParken i Vågåmo, som var hovudarena for campen.

Sykkelkurset starta allereie fredag og heldt på gjennom heile helga. For utan sykling består «Villa Xtrem» av sosialt samvær.

Da Fjuken var innom VillaParken laurdag var det god stemning og full fart på den utfordrande sykkelbana. Dei mange råtassane av deltakarar sette utfor bakken og svevde høgt på dei mange hoppa sykkelbana består av.

I tillegg til deltakarar frå Nord-Gudbrandsdalen, kom det i år deltakarar heilt frå Ålesund-området for å vera med på det populære sykkelkurset.

Blant dei i alt 24 deltakarane var det også fire jenter som deltok i år.

– Vi angrar ikkje på at vi melde oss på, for dette er noko heilt anna enn å «berre» sykle. Det er også fint å treffe og bli kjent med andre ungdomar. Vi kjem garantert til å melde oss på att neste år, sa jentene til Fjuken, før dei gjorde seg klare for ei ny treningsøkt på sykkelbana.

«Villa Xtrem» er eit regionalt arrangement med støtte frå mellom anna regionrådet, og dette var femte året på rad at sykkelcampen vart arrangert.

Årets sykkelinstruktørar var Adrian Tell, Erik Testdal, Espen Ramstad og Olav Langedrag Fjære.

Sjå bildekarusell øvst i saka.