– Nå er eg utruleg glad og tilfreds på alle sine vegner. Nå får vi det akkurat slik vi ville ha det. Det er dette vi har jobba for heile tida. Noko anna enn dette har ikkje vore noko alternativ, seier ordførar i Skjåk, Elias Sperstad til Fjuken.

Sundag ettermiddag hadde samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kalla inn til pressekonferanse og orientering i Skjåk om riksveg 15. Sidan orienteringa vart lagt til parkeringsplassen ved Langvatnet, like ved krysset ved rv15 og fv63 til Geiranger, var det venta at ministeren kom med positivt nytt.

Men ingen visste noko på førehand om kva orientering Solvik-Olsen hadde med seg. Det vart stor applaus og jubel blant dei mange frammøtte, deriblant ordførarar, da samferdselsministeren kunngjorde at det nå er slutt på å diskutere kva alternativ som skal nyttast med tanke på framtidig løysing for tunnelane på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn.

– Dei gamle tunnelane blir erstatta av ein ny lang tunnel der det blir tilrettelagt for mogleg arm til Geiranger. Dette er det såkalla B1-alternativet, og Statens vegvesen vil nå få i oppdrag å klargjera prosjektet for Nasjonal transportplan, sa samferdselsministeren.

B1-alternativet inneber at det blir bygt ein ny lang tunnel på godt og vel 16 kilometer som vil gå frå Breidalen i Skjåk til Skåre i Stryn. Når det gjeld mogleg tunnelarm til Geiranger, understrekar samferdselsministeren at dette blir opp til Møre og Romsdal å avgjera sidan vegen til Geiranger er ein fylkesveg.

– Men Statens vegvesen får uansett beskjed om å leggje til rette for ei mogleg tilkopling av ein heilårsveg til Geiranger i form av ein tunnelarm, seier Ketil Solvik-Olsen.

Den lange tunnelen mellom Skjåk og Stryn er kostnadsrekna til nær 4 milliardar kroner, og ein eventuell tunnelarm til Geiranger vil ha ein prislapp på om lag 1,6 milliardar kroner.

Sjølv om framtidig løysing for fjellovergangen nå er bestemt, vil ikkje samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen spekulere i når det blir vegopning.

– Nei, det skal eg ikkje spekulere i. Det vil bli ein diskusjon inn i Nasjonal transportplan. Det er klart at ei slik oppgradering er eit svært langsiktig arbeid, og som med andre vegutbyggingar i landet skal ein gjennom ein lang prosess før ein ser det endelege resultatet. Men med dette alternativet er eg sikker på at vi vil få ein god og svært trafikksikker veg over fjellet, seier samferdselsministeren til Fjuken.

Skjåkordførar Elias Sperstad seier at han hadde god tru på at det var denne kunngjeringa han skulle få presentert sundag.

– Ettersom samferdselsministeren la orienteringa akkurat hit, var eg sikker på at det var positive nyheiter han kom med. Denne avgjersla betyr enormt mykje både i næringssamanheng og anna. Eg er utruleg glad for denne løysinga, og dette syner at om ein jobbar målbevisst med noko, så gjev det resultat, seier Sperstad.

Han fortel at kommunane aust-vest heile vegen har hatt eit godt samarbeid i denne saka, og ordføraren er sikker på at det gode samarbeidet held fram.

– Vi har nå i dag allereie bestemt oss for å ta eit møte ganske fort etter sommarferien, for å byrje planarbeidet. Vi har ein jobb å gjera. Finansieringa skal på plass, og vi må bevise kva aust-vest kan gjera saman, og det skal vi greie, seier Elias Sperstad.

Skjåkordførar Elias Sperstad var kjempeglad og tok samferdselsministeren i handa fleire gongar sundag. Foto: Tom Erik Solstad
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kom med gledeleg nytt i Skjåk. Foto: Tom Erik Solstad