Det segnomsuste Besseggløpet vart arrangert i åra 1961 til og med 1963.

Langrennsløparen og friidrettsmannen Reidar Andreassen vann alle tre åra Besseggløpet vart arrangert. Rekorden var på 1.16,48. Rekorden for kvinner var det langrennsløpar Valborg Østberg som hadde med tida 1.39,47.

50 år etter at det fyrste Besseggløpet vart arrangert, vart det blåse nytt liv i løpet i 2011. Løpet over den kjende fjellryggen i Jotunheimen har vore arrangert kvart år sidan.

I år er det åttande gongen Besseggløpet blir arrangert i nyare tid.

Det er Besseggen Fjellpark på Maurvangen som er arrangør, i samarbeid med Vågå idrettslag.

To dagar før startskotet går, er det påmeldt 141 løparar. 101 i konkurranseklassa og 40 i mosjonsklassa.

Dette er ny rekord for Besseggløpet, fortel Tor Erik Moen. I fjor stilte 128 løparar til start.

Deltakarane kjem frå heile Noreg, men ein finn også deltakarar frå Sverige, Portugal, Tyskland og USA på startlista.

Så langt er det berre tre lokale løparar som har meldt seg på. 13 år gamle Kristian Moen stiller i 15-årsklassa, Steinar Riksaasen og Gulleik Riksaasen.

Under Lomseggen Upp sist laurdag, kunne arrangøren her tenkt seg fleire lokale deltakarar.

- Det er for få lokale som deltek. Vi skulle hatt hundre lokale trimmarar på startstreken. Det burde vi greie i Ottadalen, sa Knut Vole, leiar i skigruppa i Lom idrettslag.

Tor Erik Moen deler dette synet.

- Det er mykje spreke folk i området vårt. Det er artig for publikum og andre at det er med lokale løparar, seier Moen og oppmodar ottadølane til å melde seg på.

Den gamle rekorden til Reidar Andreassen frå 1963 vart slått i 2014 av Tomas Bereket med tida 1.15,40. Tuva Toftdahl Staver slo Valborg Østberg sin rekord i 2011 med tida 1.39,47.