Fotballtalentet Ingrid Sandviken er éin av 80 handplukka fotballspelarar som denne veka er samla i Stavanger. Samlinga utgjer øvste nivå av Norges Fotballforbunds (NFF) landslagsskule. Målet er å drive systematisk talentutvikling for å danne framtidas landslag.

– Samlinga har vore artig og lærerik så langt. Det er mykje bra spel, høgt nivå og generelt høg kvalitet på alle spelarar. Det gjev meg sjølvsagt ekstra motivasjon til å halde fram med å utvikle meg som fotballspelar, seier Ingrid Sandviken.

På leiren har lomsjenta mellom anna fått rettleiing frå landslagsspelarane Maria Thorisdóttir som til vanleg spelar for Chelsea FC, og Guro Reiten som spelar i Toppserien for Lillestrøm.

– Vi er imponert over innsatsen til Ingrid og dei andre spelarane her på Equinors talentleir. Dei viser ei enorm stå-på-vilje, og spelar med den same gløden som kjenneteiknar dei som nå spelar på A-landslaget. Det lovar godt for framtida, seier Thorisdóttir og Reiten, som er mentorar for Equinor Morgendagens Helter.

Det er berre dei mest lovande fotballtalenta i Noreg som får delta på fotballeiren i Stavanger. Både J15-landslaget, eitt skuggelandslag med potensielle landslagsspelarar, og to troppar med 14 år gamle talent er teke ut, basert på ferdigheitar, haldningar, læringsvilje og sosiale eigenskapar.

Fagansvarleg for spelarutvikling i NFF, Håkon Grøttland, meiner spelarane har all grunn til å vera stolte av seg sjølv.

– Dei har overbevist mange på vegen for å bli teke ut til denne talentleiren. Det er ingen tvil om at det er trongt nålauge. Spelarane er teke ut fordi vi meiner dei har eigenskapar som på sikt kan gjere dei til éin av «morgondagens heltar», seier Grøttland.

Equinor talentleir held på fram til sundag.