Sletten (Sp) gjekk rett inn i formannskapet etter det siste kommunevalet, og har gjort sine erfaringar. Erfaringar som kan syne at haldningar kan ha endra seg samanlikna med erfaringar andre har gjort da dei kom inn i lokalpolitikken.

– Å koma inn i lomspolitikken opplevde eg som positivt, og eg har gjort meg mange positive erfaringar, seier ho.

Modningstid

Ho fortel at den største utfordringa har vore å arbeide med seg sjølv, særleg den fyrste tida.

– Det har vore ei modningstid. Det var for eksempel ikkje like enkelt å ta ordet, eller koma på alternative løysingar til konklusjonar i saksutgreiingar, til å byrje med. Det var det mest utfordrande med det heile. Men i kommunestyret og i politikken generelt vart eg teke inn i varmen med ein gong, eg har ikkje merka noko negativt.

Jælma bra

Ho er elles glad for å vera ein del av ei større partigruppe med kvinner og menn i ulik alder.

– Summen av denne samansetjinga er jælma bra, tykkjer Marit Sletten.

Det einaste ho kan sakne under politiske møte er meir temeperatur, meir liv og meir respons.

– Eg er klar over at kommunestyre- og formannskapsmøte er formelle fora, men litt meir liv skulle eg ynskje meg. Likevel tykkjer eg det er jælma artigt å gå på talarstolen når eg har noko eg vil seia. Det er i det heile teke viktig å seia det ein meiner i alle samanhengar.

– Må tore å seie ja

Korleis yngre skal engasjere seg lokalpolitisk, har ikkje Marit nokon fasit på, men råd det har ho.

– Ein må tore å seia ja til å vera med på ting, tore å innta ein arena og ta det gradvis frå der, trur eg. Ikkje ha for høge forventningar, bruk tida. Det er ikkje så farleg om ein skulle «drite seg ut» ein gong - det er «berre i ver’n». Ein må sjølvsagt ha trua på seg sjølv og det ein står for. Eg veit at dette er lett å seia og ikkje så enkelt å gjera, men det er det eg kan seia.

Marit Sletten legg ikkje skjul på at ho har ambisjonar.

– Eg vil arbeide til det beste for innbyggjarane i Lom, ikkje for at eg sjølv skal sikte mot posisjonar. Men, eg vil gjerne stå på høgt på lista ved neste val og eg gler meg allereie nå til valkampen.

Marit Sletten er ein engasjert lokalpolitikar. Foto: Hans Erik Kjosbakken