Det vart ein lang og ganske forvirrande debatt -  med fleire gruppemøte og fleire forslag til vedtak. I tillegg vart det diskutert mykje som eigentleg ikkje hadde noko med sjølve saka å gjera.

Det var ei løyvingssak kommunestyret hadde på bordet: Politikarane var bedne om å løyve 250.000 kroner til kjøp av arkitekt- og konsulenttenester til prosjektering og utarbeiding av kalkylar som gjeld ombygging og tilpassing av Marlo skule til barnehage. At Marlo skule skal gjerast om til ei barnehageeining vart bestemt av kommunestyret i slutten av mai, men i dag uttrykte fleire uro over konsekvensane av dette vedtaket. Stig Banken (Ap) sa det klårt og tydeleg.

– Denne saka er ein konsekvens av det førre vedtaket vi gjorde, men det vedtaket stiller eg store spørjeteikn ved. I førre kommunestyremøte åtvara Skjåk Ap sterkt mot å fatte vedtaket før vi hadde fått utgreidd saka meir grundig. Det vart sagt at Holemork barnehage hadde store problem med mugg, men nå syner det seg at dei problema ikkje er store likevel. Det er ikkje stort vi treng å gjera der. Kva vil vi eigentleg oppnå ved å flytte barnehagen frå Holemork til Marlo? Vi oppnår ikkje stort, etter mi meining, eigentleg ingenting, bortsett frå å få store utgifter. Eg stiller spørsmålet: Kvifor gjer vi dette? undra han, og kom med forslag om, som han hadde varsla på førehand, at det planlagde tilbygget i Dønfoss barnehage snarast og i alle fall i løpet av 2019 skal fullførast.

Forslaget vart nedstemt med 8 mot 13 røyster.

Skjåk Ap hadde eit forslag til: At administrasjonen skal sjå på kva konsekvensar det vil få om Skjåk kommune held fram med barnehage i Holemork i tre til fem år til. Dette forslaget vart vedteke med 11 mot 10 røyster.

Dermed er på ein måte ikkje Holemork heilt ute av bildet i denne saka.

Kommunestyret vedtok samrøystes å løyve inntil 250.000 kroner til prosjekteringsarbeidet når det gjeld å gjera om Marlo skule til barnehage. I innstillinga frå rådmannen heitte det at dei 250.000 kronene skulle brukast til kjøp av arkitekt- og konsulenttenester, men kommunestyret meinte at dette måtte det kunne gå an å få gjort av dei tilsette «på huset».

Rådmann Svein Holen fortalde at han hadde fått opplyst at teknisk driftsavdeling ikkje har den kompetansen som trengst i høve denne saka, og heller ikkje tid til å gjera jobben, men kommunestyret valde å halde på sitt.

Knut Vindheim (Ap) hadde ikkje lyst til å sleppe Holemork.

– Fyrst var det prat om mugg, så var det ikkje så mykje mugg der likevel. Deretter handla det om modular ved barnehagen i Bismo og at vi skulle bli kvitt Marlo skule. Men nå er altså Marlo så bra at ein vil inn der og bruke konsulentar for å finne ut kva det vil koste, medan Holemork slett ikkje er bra. Men muggen er ikkje så gale og det er ikkje sikkert det kostar så mykje likevel å vera der. Kanskje kan det gå an å bruke Holemork til det kjem ny barnehage i Bismo? Eg kan godt tenkje meg å setje ut saka til vi har fått meir greie på saker og ting. Vi veit jo ingenting om kva Marlo vil koste, det kan bli veldig dyrt, sa Vindheim.

Sevald Sperstad (Sp) slo fast at Skjåk er i ein heldig situasjon: Det er ungar som treng barnehageplass.

– Og da må vi auke kapasiteten – og kapasiteten kan aukast i Marlo. Eg er glad i barnehagen i Holemork, det er ein kjempebra barnehage. Men eg trur vi skal få til ein bra barnehage i Marlo òg, som kan ta inn mange fleire ungar enn det vi har plass til i Holemork, sa han.

Rannveig Bø Brennhaug (Sp) sa seg samd.

– Det er ei slalåmkøyring i denne saka, det er att og fram og opp og ned. I førre kommunestyremøte vedtok vi å gå for Marlo, så da meiner eg løpet er køyrt. Vi kan ikkje dra inn att Holemork nå. Eg veit at fleire småbarnsfamiliar kjem til Skjåk, med fleire ungar, og dei ynskjer barnehageplass. Vi er heldige, og vi må syrgje for å tilby alle barnehageplass. Eg er ikkje viljug til å gå med på noko som reduserer kapasiteten, sa ho.

Kristen Haugen Dagsgard (Sp) uttrykte håp om at ombygginga i Marlo ikkje vil resultere i høge kostnader.

– Det var i alle fall ikkje det som var meint med vedtaket i førre kommunestyremøte. Vi må prøve å gjera det så lønsamt og effektivt som råd. Eg er fast bestemt på halde på alternativet i Marlo, sa han.

Aud Jotun (Ap) slo på si side fast at dersom Holemork barnehage blir flytta til Marlo må kommunen sørgje for at Holemork blir lagt ut for sal fortast råd.

– Og dei pengane som kjem inn frå salet bør avsetjast til bygging av ny barnehage i Bismo, slik at ein kjem godt i gang.

Edel Kveen (Sp) sa seg samd med partikollega Sevald Sperstad: Saka handlar om å auke kapasiteten, få fleire barnehageplassar.

Stig Banken spurte rådmannen om når han ser føre seg at ombygginga i Marlo blir ferdigstilt.

– Blir det til vinteren, eller kva er det prat om? Og ein anna vesentleg ting: Kor stor kapasitetsauke får vi, eigentleg? Vi har da ingen dokumentasjon på noko som helst her, og det tykkjer eg er frykteleg urovekkjande.

– Dette får vi svaret på når prosjekteringsarbeidet er gjort, da vil ein sjå omfanget av arbeidet som må gjerast både ute og inne, svara rådmannen.

Odd Joar Ramstad (uavhengig representant) tykte diskusjonen «barst heilt utu», som han uttrykte det.

– Det går hit og dit og att og fram og det er så mykje synsing. Eg har prata varmt om Marlo i lang tid, eg, men hovudproblemet er at vi ikkje får kapasitetsauke i Bismo på det viset. Skal vi ta opp att vedtaket vi gjorde angåande modulbygg i Bismo? Det er synd, meiner eg, at vedtaket i førre kommunestyremøte vart som det vart. Dersom vi hadde vedteke å gå for modulbygg, hadde vi nok allereie vore på god veg nå – og vi hadde visst kostnaden og alt, sa han.

Per Lars Lien (Sp) sa seg samd i at saka var rotete.

– Vi har rota det ordentleg til, det kjem forslag på forslag, utan kostnadsberekning. Men vi har ikkje tid til å utsetja saka, det er ungar som treng barnehageplass – og det kjem enda fleire ungar til bygda som treng det same. Eg ber om at vi får ei løysing på dette i dag, sa han.

Håvard Krogstad Berger (Sp) slo på si side fast at Holemork uansett ikkje vil vera ei løysing for framtida.

– Heile bygget er slite, det er kaldt der. Å drive Holemork som barnehage i fire-fem år ser eg ikkje som mogleg. Marlo, derimot, er eit solid bygg som kan stå i mange, mange år. Der kan vi ha ein fullverdig barnehage til vi har råd til å byggje i Bismo, sa han.

John T. Barrusten (Ap) gjorde eit forsøk på å «lande» debatten.

– Vi skal ta stilling til saka som er lagt fram, nemleg denne løyvinga. Vi skal ikkje blande barnehagestrukturen oppi denne saka, sa han.

For å oppsummere til slutt:

Kommunestyret vedtok, samrøystes, å løyve inntil 250.000 kroner til utarbeiding av kalkylar som gjeld ombygging og tilpassing av Marlo skule til barnehage. Kommunestyret vedtok òg, med 11 mot 10 røyster, at administrasjonen skal sjå på kva konsekvensar det vil få om ein held fram med barnehage i Holemork i tre til fem år.

Siste ord er neppe sagt i denne saka.