Det er Statens vegvesen som står bak – og det er Statens vegvesen som betaler.

Målet er å få ein slutt på at folk parkerer på arealet framfor Kiwi. Å køyre inn rett frå riksvegen – og rygge ut att – er ikkje spesielt trafikksikkert, meiner Statens vegvesen.

Det er stelt i stand fire parkeringsplassar mot berget. Ein bit av berget er saga av, slipt – og sett opp att som eit bord.

Det som står att før prosjektet er ferdig, er å setja opp eit lite rekkverk ved kanten av dei nye parkeringplassane, altså mot Bøvra – og eit rekkverk ved vegkanten.