I år er det sjuande gongen at Lalmsdagen blir arrangert.

Det blir diverse salsboder og utstilling av forskjellig køyretøy på plassen framfor butikken denne laurdagen.

Det blir leik og konkurransar utover dagen, sal av kaffe, vaflar og grillmat.

Og det blir underhaldning av Lalm musikkforening, 5Åver, Bad Wiskey, Nils Bakken med fleire.

Om kvelden blir det sankthansfeiring på ishockeybana. Her blir det musikk av ei gruppe frå musikkforeininga, Tradlaget, Nils Bakken, Bad Wiskey og 5Åver. Det blir moglegheit til å ta seg ein svingom for dei som ynskjer det.

På grunn av brannfaren er det ikkje mogleg å grille, og arrangøren oppfordrar folk til å ta med anna mat.