Det var meininga at dei to skulle ta over skulen den 31. oktober 2018 – og at skulen skulle betalast fjorten dagar før.

Brørne Krasniqi har planar om å etablere ein internasjonal skule med elevar frå USA, Russland og Kina. Målet var å opne skulen hausten 2019.

Det målet er det nok ikkje mogleg å nå, ettersom det blant anna skal byggjast mellom 75 og 100 hyblar på eigedomen før skulen skal opnast.

Afrim og Liridon Krasniqi har søkt Skjåk kommune om å få utsetja overtakingsdatoen til 1. april 2019. Skjåk kommune har berre delvis imøtekome søknaden.

– Vi har akseptert ei utsetting, men ikkje så lenge, berre til nyttår. Den nye fristen for å betale skulen er fjorten dagar før, altså 15. desember 2018, opplyser rådmann Svein Holen.

– Kvifor vil ikkje kommunen gå med på å utsetja overtakinga til april neste år, som det er søkt om?

– Det er fordi vi da vil få ein del utgifter i form av straum, forsikring og vedlikehald. Det er utgifter vi vil unngå, og derfor er søknaden berre delvis imøtekomen, svarar rådmannen.

Afrim Krasniqi skriv i ein e-post til Fjuken at dei har ytra ynskje om ei kort utsetting:

«Dette for at vi skal overta under en tid hvor vi kan jobbe med eiendommen. Hva gjelder planene om internasjonal folkehøgskole, er disse fremdeles aktuelle», skriv han.