Politikarane i Vågå fekk ein nasestyver da dei vart presentert rekneskapsrapporten for 1. tertial tysdag. Tala syner eit framskrive meirforbruk på om lag 6 millionar kroner ved utgangen av 2018.

Tala på bordet

2018 skulle vore omstillingane sitt år i Vågå kommune.

I forslaget til budsjett som vart vedteke før jul i 2017, låg det inne kutt av fleire stillingar og innsparing av fleire millionar kroner.

Tysdag var dei siste politiske møta før sommarferien.

Fyrst var det formannskapet som vart presentert rekneskapsrapporten for 1. tertial, dei fire fyrste månadane i år, før kommunestyret eitt par timar seinare fekk tala på bordet.

– Dette er svært bekymringsfullt for Vågå kommune, sa Egil Barhaugen, gruppeleiar for Arbeidarpartiet.

Og han var ikkje einsleg som rynka på augebryna.

– Vi ser at utgiftene aukar medan inntektene uteblir. Eg legg ikkje skjul på at eg er bekymra for den økonomiske situasjonen, sa Svein Blankenborg, varaordførar for Bygdalista.

– Eg forstår ikkje korleis vi skal klare å omstille oss for resten av året for å klare å ta inn att dette. Det ser svart ut. Eg er sterkt bekymra, sa Anne Grethe Furuheim (Ap).

Forverra situasjonen

Mange uttrykte frustrasjon over at ein ikkje vart gjort kjent med tala før det har gått nesten halve året.

– Vi gjorde ein god jobb i arbeidet med budsjettet før jul. Det er beklageleg at vi ikkje har fått informasjon om stoda. Når vi tek att dette etter ferien, har det gått for lang tid. Dette handlar ikkje om å finne nokre tusenlappar. Nå handlar det om å arbeide på ein annan måte, sa Mette Vårdal (Sp).

Som det går fram av tertialrapporten har Vågå kommune spesielt utfordringar i høve til budsjett for Vågåheimen, heimesjukepleia, Vågåmo skule og barnehagetenesta.

Økonomisjef Frank Roger Vangen skriv i saksutgreiinga at ein kan konstatere at det er krevjande å følgje opp vedteke budsjett, og at prosessane kring innsparingstiltak ikkje har kome så langt som ynskjeleg.

– Når det i tillegg har kome på nye uforutsette behov, har dette forverra situasjonen, skriv økonomisjefen i rapporten.

Skapar ikkje tillit

Ordførar Iselin Vistekleiven sa at den økonomiske situasjonen kommunen har kome opp i, vil skape store utfordringar for hausten.

– Det blir ein tung prosess å ta inn att det arbeidet som skulle vore gjort i vår, sa Vistekleiven.

Ordføraren og fleire med henne fryktar at det store meirrforbruket er noko ein vil dra med seg inn i 2019.

– Det har vore etterspurt tiltak for å unngå dette, sa Vistekleiven.

Egil Barhaugen etterlyste blant anna sal av dei kommunale bustadane i Grinstugulego.

– Det skapar ikkje tillit i organisasjonen når slik oppstår, sa Barhaugen og la til at situasjonen skapar usikkerheit med tanke på nedbemanning.

– Vi må gjere det beste ut av situasjonen og ta dette inn i budsjettarbeidet for 2019, sa ordføraren.

Kommunestyret tok rekneskapsrapporten til etterretning.

Rådmannen vil utarbeide ein eige plan med tiltak for å kunne leggje fram rekneskap i balanse ved årets slutt. Tiltaksplanen vil bli lagt fram saman med rapportering for 2. tertial.

– Da har vi kome til september - oktober. Da har det meste av året gått, sa Gunnar Frydenlund (SV) med eit stort sukk.

Trioen Anne Grethe Furuheim, Egil Barhaugen og Svein Blankenbort uttrykte sterk bekymring for meirforbruket på 6 millionar kroner i Vågå kommune. Foto: Arve Danielsen