Om Rønnaug Sandviken (15) fekk vera ordførar for ei veke, ville ho ha ordna ny kunstgrasbane i Grov.

- Eg er ikkje tilfreds med den som er. Kunstgrasbana er hard, gamal og utdatert, seier den unge talentfulle fotballspelaren frå Lom.

Rønnaug går i 9. klasse ved Lom ungdomsskule og har fotball og hest som hobby. Forbildet henar er fotballspelaren Ada Hegerberg.

Kva er mest spennande med Lom?

– At det er så mykje å finne på her av fritidsaktivitetar. Også tykkjer eg det er fint at alle kjenner alle.

Kva manglar Lom?

– For mitt vedkomande manglar det ingenting. Eg har det eg treng, og er tilfreds slik det er.

Kva brukar du mest tid på?

– Fotball og hest. Eg spelar på både Lom J17 og på damelaget, så det blir mykje trening. Eg trenar nesten kvar dag. I tillegg kjem ale kampane. Når eg ikkje sparkar fotball, rir eg på hesten til syster mi.

Frå kva alder definerast ein person som «gamal»?

– Når ein blir pensjonist, er det eit teikn på at ein byrjar å bli gamal. Ein treng ikkje å sjå det på dei, men når ein er pensjonist har ein slutta å jobbe og er heimeverande.

Kva vil du bli?

– Eg har ikkje bestemt meg heilt, men eg kjem nok til å satse innan idrett. Vi får sjå kva eg endar opp med til slutt.

Kva er det beste med å vera ung?

– At det er mykje å finne på, og at ein slepp unna ein del ansvar. Noko ansvar har ein sjølvsagt, men ein slepp unna rekningar og slik.

Kva er det verste med å vera ung?

– Det verste må nok vera at det er ein del press på at ein skal vera god i ting.

Kva er du redd?

– Høgdar. Det er eg ikkje glad i. Skal eg vera høgt oppe, må det vera god plass rundt meg.

Kva må til for at unge skal lese meir papiravis?

– Eg les ikkje så mykje, men når eg ser at det står om noko spennande så les eg. Det må stå om ting eg interesserer meg for. Det same gjeld nok for mange andre ungdomar.

Blir du verande i Lom?

– Det er eg eigentleg litt usikker på. Eg har lyst til å bli verande, men kjem nok til å flytte ut i starten. Så kjem eg kanskje attende. Eg håpar det, for eg trivst godt i Lom.

Kva er favorittappen på mobiltelefonen din?

– Snapchat. Det er ein app eg eigentleg brukar alt for mykje.

Kva forhold har du til Facebook?

– Eg sit ein del inne på Facebook også. Einkvan gongen legg eg ut ting sjølv, men eg tykkjer det er like interessant å sjå kva andre legg ut.

Kva gjer deg trist?

– Når eg mistar dyr og folk eg er glad i.

Om du fekk vera ordførar ei veke, kva ville du gjere da?

– Da ville eg ha ordna ny kunstgrasbane i Grov. Eg er ikkje tilfreds med den som er. Den er alt for hard, gamal og utdatert.

Heilt ærleg, kva tykkjer du om Lom?

– Eg tykkjer det er fint å bu her. Det er godt og roleg, og alle kjenner alle.

Korleis er dagens ungdom samanlikna med ungdomstida til foreldra dine?

– Det er nokså stor skilnad. Eg trur ikkje dei hadde det same presset som dagens ungdom har. Dei var nok også meir sosiale før, utan mobiltelefon.

Kva er din største draum?

– Å bli profesjonell fotballspelar. Ein må jobbe hardt for å greie å bli det. Men det er ikkje umogleg. Det er fleire som har fått det til.

Kva vil du helst unngå å prate om?

– Hesten eg mista i vår.

Om du vann 1 million kroner. Kva ville du bruke pengane på?

– Da ville eg nok ha spytta i nokre kroner i ei ny kunstgrasbane. Resten ville eg nok ha spara.

Tre ord om deg sjølv?

– Rar, snill og har dårleg humor.

Kva gjer du om 10 år?

– Da studerer eg kanskje. Eller kanskje eg er profesjonell fotballspelar?

Kva er det viktigaste i livet?

– Å vera saman med einkvan, og ha det trygt saman.

Kva skal du i sommar?

– Eg skal på Norway cup. Så skal eg jobbe litt på Sport1. Eg skal også til Kroatia i løpet av sommaren. Der har eg vore ein gong før, og eg gler meg til å reise dit att.