Det vart eit roleg og uformelt møte da beitenæringa og bondeorganisasjonane i Lom møtte klima- og miljøminister Ola Elvestuen i kommunehuset laurdag ettermiddag.

Her fekk statsråden tydeleg signal om at ulvebestanden ikkje må vekse, at Statens naturoppsyn (SNO) må få hovudansvaret for å ta ut rovvilt som gjer skade og at fellingsløyvet gjeld til dyret er felt.

- Når rovdyr tek beitedyra våre, må vi raskt får skadefellingsløyve, ei løyve som gjev reell moglegheit for å ta ut dyr som gjer skade. Nokre dagars frist for eit kommunalt jaktlag viser seg i praksis å vere lite effektivt. SNO med sine ressursar og kunnskap bør ha hovudansvaret. Kan statsråden gå inn for ei slik løysing? spurde Trond Dalsegg i Lom sambeitelag på vegner av beitenæringa i Lom.

Med på møtet var Hanne Synnøve Rusten frå Lom bondelag, Tormod Rusten frå Lom sau og geit, Kristian Kjæstad frå Lom tamreinlag, Lars Eivind Sulheim frå Lom bonde- og småbrukarlag. I tillegg deltok Aud Hove, leiar av rovdyrnemnda i Oppland og ordførar Bjarne Eiolf Holø.

- Det er jerven som er største skadedyret for oss, sa Dalsegg.

Han viste til at det i Liafjellet dei to siste åra har vore eit tap på sju prosent. Åra før der var tapa på 15 prosent.

- Grunnen til at tapa til rovdyr i Liafjellet har gått ned, er at det vart gjort uttak av skadedyr, sa Aud Hove.

Lars Eivind Sulheim  sa at det har vore store tap til rovdyr dei 20 siste åra.  Han er med i eit skadefellingslag, og sa at det ikkje er for kven som helst å gå tusen høgdemeter opp kvar kveld og sitje på post om natta og ned til arbeid att om morgonen.

- Dette er ikkje måten å løyse problemet på. Vi har ikkje nokon kunnskap eller føresetnad til å greie det. SNO har meir kunnskap enn oss, sa Sulheim.

Også Lom tamreinlag lir av tap til rovdyr. Kristian Kjæstad sa at det er ørna som er største trugselen mot reinen, spesielt i kalvingstida .

- Nyfødde kalvar er lette å ta for ørna. Dette skjer ei tid på året det ikkje er skiføre, skuterføre eller mogleg å gå til fots. Vi slit med å dokumentere tap. I år har vi dokumentert tap av to kalvar. Den eine såg gjetarane at ørna tok, sa Kjæstad.

Han fortalde at tamreinlaget tapar cirka 60 dyr i løpet av eitt år. Leiaren av tamreinlaget anslo tapet til 180.000 kroner i året. Han la til at nå har havørna også kome inn i kalvingsområdet i Veodalen.

- Vi er ikkje plaga av rovdyr på same måte som andre reinbeitedistrikt, sa Kjæstad.

Aud Hove rosa beitenæringa for å ha tolmod.

- Eg har ikkje møtt nokon som ikkje vil ha jerv eller gaupe.  Men vi må ta ut rovdyr som tek beitedyr, sa leiaren av rovviltnemnda.

Hove understreka at det er viktig med målretta uttak av skadedyr, og at bestandsmålet ikkje blir auka.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø gav klar beskjed til statsråden om at ein ikkje vil ha fleire rovdyr i vårt område.

- Eg tenkjer på ulven. Dersom den kjem, må skadedyr takast ut med ein gong, sa Holø

- Lovar statsråden å halde seg til det stortinget har bestemt og ikkje auke bestanden av rovdyr ut over det som står der? spurde Trond Dalsegg.

- Eg held meg til rovviltforliket som Stortinget har bestemt, men må også halde med til naturmangfaldslova og Bernkonvensjonen, svara statsråd Elvestuen.

Klima- og miljøministeren viste til at tapstala har gått ned. 42 prosent for sau og 27 prosent for tamrein. Han sa at det er eit mål å fortsette denne trenden. Men statsråden understreka at ein skal ha rovdyr her i landet og meinte at det er vanskeleg å unngå tap i framtida også.

Når det gjeld spørsmålet han fekk om at SNO bør få hovudansvaret for å ta ut skadedyr, svara Elvestuen at han måtte forhalde seg til fagmiljøa.

Statsråden takka for innspela han fekk i den 40 minutt lange møtet. Og som han sa; desse kom ikkje overraskande på han.

Trond Dalsegg kom ei klar oppmoding til klima- og miljøministeren på tampen av møtet. Bilde av Ola Elvestuen i media med ulvekvalpar har også provosert beitenæringa i Lom.

- Lat oss sleppe å sjå fleire slike bilder!

Kristian Kjæstad overrakte ei spekepølse etter møtet til Ola Elvestuen. Foto: Arve Danielsen