Paret som bur i Måndalen i Romsdal var raskast opp dei 1.154 høgdemetrane i den 4,8 kilometer lange løypa som har mål på toppen av Eggjepiken.

Svenske Emelie Forsberg sette ny løyperekord i kvinneklassa med tida 56,13. I herreklassa forbetra spanske Kilian Jornet sin eigen rekord. Den nye løyperekorden er på 46,30.

Det var fjerde gong at motbakkeløpet LomseggenUpp var arrangert.  32 løparar stilte i konkurranseklassa og 42 i trimklassa.

Knut Vole, leiar i skigruppa i Lom idrettslag, kunne gjerne tenkt seg fleire deltakarar.

- Det er for fåe lokale som deltek. Vi skulle hatt hundre lokale trimmarar på startstreken. Det burde vi greie i Ottadalen, sa Vole før start.

Arrangøren av Lomseggen Upp håpar å få arrangere Noregsmeisterskap eller Noregscup.

- Målet er å få det eine av dei fem løpa som utgjer Noregscupen. Det eine av desse løpa er Noregsmeisterskap og uttak til EM og VM, seier Knut Vole.

Han hadde håp om at løyperekorden i Lomseggen Upp skulle ryke med Forsberg og Jornet på startstreken.

Men, den spanske verdsstjerna som har busett seg i ei lita bygd i Romsdalen, ville ikkje prate om nokon rekord i minuttet før start. Men han likte løypa, sa han.

Neste helg går Bessegg-løpet. Dessverre kan dei ikkje stille der, sa Emelie Forsberg.

Løparparet og dei andre som stilte i Lomseggen Upp hadde fine forhold laurdag. Oppe på toppen av Eggjapiken var det 10 grader og 13 sekundmeter vind før start.

Killian Jornet var det ingen som kunne gjere noko med denne dagen. Den spanske fjellgeita sprang lett opp den bratte stigninga og var over fire minutt føre nummer to; Lars Åkernes Rimetveit frå Eidsdal. Reinar Åland frå Hornindal vart nummer tre.

Arild Skriden frå Skjåk vart beste lokale på 7. plass med tida 58,43. Øyvind Teigen frå Nordberg vart nummer åtte med tida 1.01,20, Jon Sjurgard frå Lom på 11. plass med tida 1.03,33, Mathias Snerle frå Lalm nummer tolv med tida 1.04,27, Eirik Fjeld frå Lom vart nummer 13 med tida 1.05,48, Geir Ove Skjåk stilte for Sandåe Upp og fekk ein 14. plass med tida  1.08,43, Ola Aurmo frå Lom vart nummer 15 med tida 1.11,02, Morten Normann Brekkum frå Skjåk nummer 16 med tida 1.11,45, eritreiske Awet Teklehaimanot Mengesha frå Vågå nummer 17 med tida 1.19,04, Ola Vole frå Lom nummer 21 med tida 1.29,07.

Svenske Emelie Forsberg som representerer Måndalen IL, sprang inn til ny løyperekord i kvinneklassa. Ho brukte 56,13. Lomsjenta Mari Trønnes, Lillehammer, kom inn til ein andreplass, 1,55 bak Forsberg. Mari Arnøygard Wedum frå Visit Jotunheimen vart nummer fire med tida 1.06,50. Elin Bakke frå Lom vart nummer sju med tida 1.24,17 og Tonje Marie Storlien frå Lom nummer åtte med tida 1.26,28. Det var ti deltakarar i kvinneklassa. Fire av desse var finske og to svenske, medrekna Emilie Forsberg.

Killian Jornet og Emelie Forsberg sette nye løyperekordar i bratta opp til Eggjapiken. Foto: Arve Danielsen
Ola Vole frå Lom, Truls Horten frå Søre Ål med røter i Lom og Eirik Fjeld frå Lom er klare for start i motbakkeløpet. Foto: Arve Danielsen