Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten frå lokalavisa.

Jubilanten blir trekt ut blant helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant Sverre Lillevik Kolden frå Mo i Rana som fylte 7 år den 11. juni.

Dagen vart feira med kaker og kalas og nedteljing til ferie i Vågå.

Jubilanten helsar til oldemødre, besteforeldre, tante, onklar og ikkje minst Hallvard og vesle Thea.