«Bergtatt» er tittelen på den nye utstillinga på Norsk fjellsenter. Bergtatt var også publikum over utstillinga og ikkje minst bestillingsverket med same tittel, komponert av Aslak Brimi.

- Denne dagen har vi gledd oss til lenge. Ein draum vi har bore på lenge som vi nå gler oss til å syne fram til døkk alle, sa Mai Bakken, dagleg leiar ved Norsk fjellsenter/Klimapark 2469.

Dronning Sonja la ned grunnsteinen ved museet den 5. juni 1992 og museet opna 10. juni 1994.

- I dag, 16. juni 2018 opnar vi utstillinga «Bergtatt» og senteret «Fjellviten». Ein ny viktig junidag. I desse titlane ligg det vi ynskjer å fortelja; møta mellom menneske, naturen, kulturen og fjell. Oss veit at fjella, naturen og kulturen i området har inspirert fjellfolk, kunstnarar, forskarar, og andre i over 200 år. Dei fyrste som såg moglegheiter kom for fleire tusen år sidan, sa Bakken.

Leiaren for fjellsenteret retta ein stor takk til lokale leverandørar og bedrifter som har stått på for at alt skulle stå ferdig til opningsdagen.

Ikkje minst trekte ho fram det positive miljøet på fjellsenteret og retta ein spesiell stor takk til staben som har vore med heile vegen.

- Vi veit alle at oppgåva har vore stor, at du har stått på. Du kan vere så stolt over resultatet, sa Mai Bakken til prosjektleiar Thea Dalen.

Mai Bakken sa at ein har fått midlar frå nasjonalparkstyra, Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet, Sparebankstiftelsen DNB, Innovasjon Norge, Sparebank 1 Lom og Skjåk, Regionrådet, Lom kommune og Oppland fylkeskommune.

- Utan denne støtta hadde vi ikkje vore her vi er i dag, sa ho.

Mai Bakken presiserte kor viktig fylkeskommunen har vore gjennom mange år, der den økonomiske stønaden har vore viktig, og den faglege støtta avgjerande.

Kring 200 personar hadde møtt fram til feiringa av ny hovudutstilling på fjellsenteret. Dei vart sett i musikalsk stemning av Aslak Brimi, Mari Midtli, Bjørn Kåre Odde og strykekvartett frå Sinfonetta Innlandet under urframføring av tingingsverket «Bergtatt».

Det var Aslak Brimi som hadde komponert ei suite i seks satsar, knytt til temaet folk og fjell.

Utstillinga «Bergtatt» vart opna av klima- og miljøminister Ola Elvestuen, assistert av fylkesordførar Even Aleksander Hagen og ordførar Bjarne Eiolf Holø.

- Mine fyrste turar i fjellet var å koma til Lom, til Spiterstulen og Galdhøpiggen. Det er naturleg å ha eit fjellsenter som ligg her, sa statsråd Elvestuen.

Han viste til at fjella er i stor endring når det gjeld klimaet.

- Det er eit paradoks at varmare klima gjer at kulturhistoria smeltar fram rundt isbreane, der våpen og reiskap kjem fram og som kan opplevast her på fjellsenteret, sa Ole Elvestuen før han opna ei vidjespenning som symbol på at den nye utstillinga på fjellsenteret var opna.

Dermed kunne trioen med statsråd, fylkesordførar og ordførar leie an inn i utstillinga, for å la seg bli bergtekne…