Edvard Munch (1863 - 1944) omtala ofte sine ulike bustader som «slott» eller «châteaux» og med hans egne ord som bakteppe har Munchmuseet nå gleda av å presentere ei samla oversikt over hans mange «slott» og tilhaldsstader i Noreg.

Boka «Mine slott – en reiseguide til Edvard Munchs steder», fører lesaren til dei mange, spesielle stadene i Norge som har betydd mykje for Munchs liv og kunstnarskap.

Boka er utarbeidd i samarbeid med Munch-stadene gjennom nettverksprosjektet «Edvard Munch – kunsten og livet» og blir lansert på Edvard Munchs Ekely i Oslo sundag 17. juni.

I løpet av ei lang karriere budde Edvard Munch og henta inspirasjon frå ei rekkje stader. Morsslekta kom frå Fredrikstad, og farsslekta frå Vågå.

Edvard Munch hadde eit nært forhold til Vågå gjennom heile livet, og reiste fleire gonger til fjellbygda for å søkje opp røtene sine.

Sjølv var han født på Løten og tilknytinga til desse plassane hadde stor innverknad på hans kunstnarskap.

Munch budde også ulike stader i Oslo, blant anna på Ekely, og seinare oppheld han seg i periodar på Jeløy, i Moss og ved Ramme gard i Hvitsten. Han hadde også sterk tilknyting til Åsgårdstrand og Kragerø der han har henta inspirasjon til fleire kjente verk, blant anna «Pikene på broen» og «Solen».

Gjennom tekst og bilder fortel boka om tida Munch var ved sine mange «slott», samstundes som den viser korleis nokon av hans mest kjente motiv er knytt til dei forskjellige områda.

Reiseguiden er rikt illustrert med Munchs egne kunstverk, skisser, fotografi og fotografiske sjølvportrett. I tillegg gjev boken informasjon om utsiktspunkt og opplevingar knytt til kvart av Munchs stader, slik at folk sjølv kan reise i hans fotspor og oppleve dei mange plassane som inspirerte han gjennom eit langt kunstnarliv.

Edvard Munch henta mykje av inspirasjon til Aulamaleria i Vågåkyrkja. Foto: Arve Danielsen/arkiv