Det har vore arbeidd nær sagt døgnet rundt den siste veka. Ulike aktørar kryp og krek rundt om i det 450 kvadratmeter store lokalet som òg husar eit fjellvitensenter.

– Sjølv om det ikkje ser slik ut nå, vil alt vera klart til opninga laurdag efta, seier dagleg leiar Mai Bakken ved Norsk fjellsenter.

Bergtatt skal formidle både små og store historier om samspelet mellom menneske og natur i fjellet. Utstillinga skal vera ei kunnskapsbasert oppleving som vekkjer nysgjerrigheit, kjensler og stemningar.

Målet med utstillinga er, i følgje senteret, at ho skal skape refleksjonar kring kva fjellet betyr for menneske, i eit historisk perspektiv, men også i dag. Berekraftig bruk er viktige stikkord.