Frå høgtideleg opning til uhøgtideleg leik. «Leik i Lom» har teke over for Fjordingsmartnan.

Nå skjer det vel ikkje ei utstillingsopning ved Norsk Fjellsenter kvart år, men arrangørane bak «Leik i Lom» håpar at arrangementet vil fenge og at det kan bli ei årleg hending i samband med motbakkeløpet Lomseggen Upp.

«Bergtatt»

Norsk fjellsenter skal med pomp og prakt opne den nye utstillinga «Bergtatt» med klima- og miljøminister Ola Elvestuen i spissen.

Opninga toppar seg med ei festførestelling i Loar-tunet, der symfoniorkesteret Sinfonietta Innlandet, Ragnhild Hemsing og Hallgrim Hansegaard, Bjørn Kåre Odde, Mari Midtli, Reidar Svare, Astrid Sulheim og fleire deltek.

Lomseggen Upp

På ein annan ende av underhaldningsskalaen skal Lomseggen Upp gå av stabelen. Kring dette arrangementet er det lagt opp til mykje leik og moro, skal vi tru arrangøren.

Gummiskokasting

– Det skal vera ulike aktivitetar, særleg for dei unge - og det meste heilt gratis, seier Ragnhild Sjurgard i arrangørgruppa.

Av det mest spektakulære blir gummiskokasting. Etter å ha sett komitemedlemar prøve seg på dette, må det karakteriserast som ein risikosport. Ein skal altså kaste ein støvel ved å svinge denne mellom føtene og kaste over ryggen og fram. Demonstrasjonen synte at støvelen kan alle vegar - fram, bak og til vers og til fare for kastaren sjølv.

– Og, som sagt, det blir mange andre artige aktivitetar både for små og store heile dagen, seier Ragnhild Sjurgard.

Åringsutstilling

Under Fjordingsmartnan har det i alle år vore åringsutstilling. Denne tradisjonen blir vidareført også i år.

– Dette blir det 20. året, men også truleg det siste, fortel Hanne Engen i Ottadalen Dølahestlag. På det meste stilte 70 hestar, i år er det påmeldt 16, seier ho.

Aktivitetsdagen blir avslutta med quiz, og alt skal skje på Loar-området.