Det blir innført ei ny tidsrekning når Dagsgard sluttar, skal vi tru utvalsleiar Sevald Sperstad.

– Det blir før og etter Per i Skjåk kommune nå, sa Sperstad da han heldt ei tale ved møteslutt.

– Dette blir nok den fyrste i ei lang rekkje avslutningar for deg, for det er vel ikkje før 20. juli du har den siste arbeidsdagen. Du har vore i kommunen i snart 40 år og har vore ein bauta. Du er omgjengeleg, er løysingsorientert, ikkje så byråkratisk og har i det heile eit godt lag med folk, sa Sperstad.

Dagsgard har i mange år hatt leiande stillingar i kommunen, innan teknisk, plan, miljø og beredskap. Han har òg i fleire periodar vore konstituert som rådmann.

– Du har i periodane som fungerande rådmann teke ansvar og skjøtta rådmannsoppgåvene attåt dei du har hatt på eige fagområde, sa Sperstad.

– Det må til minst to personar for å erstatte deg, sa utvalsmedlem Stig Banken.