Da Iselin Vistekleiven gjekk inn som ordførar i Vågå i 2011, vart ho landets yngste kvinnelege ordførar. Nå har ho bestemt seg for å gjeva ordførarkjedet vidare når denne kommunestyreperioden er over ved valet neste år.

Prioritere familien

– Da eg gjekk inn mi andre periode som ordførar så tenkte eg at eg skal jobbe så godt eg kan desse åra her, deretter skal eg gjere andre ting. Å vere ordførar krev at ein er det hundre prosent av tida, og dette gjer at ein heile tida må prioritere nøye balansen mellom arbeid og privatliv. Nå er tida inne for å prioritere meir tid med familie og vener, seier Iselin Vistekleiven.

Ho har drive med politikk sidan 2003. Da vart ho verva inn i AUF og Ap av Stine Renate Håheim, tidlegare stortingsrepresentant for Oppland.

I 2007 gjorde ungdomspolitikaren eit godt val og kom inn som fast medlem i formannskapet.

Angrar ikkje

I valet 2011 segla Iselin Vistekleiven opp som varaordførar, men tok over vervet som ordførar etter stutt tid, som eit resultat av Øygardssaka.

– Eg angrar ikkje på at eg tok denne moglegheita når eg fyrst hadde ho, seier Visteklieven.

– Kva har åra i politikken og som ordførar gjeve deg?

– Desse periodane har gjeve meg erfaring i det å utvikle heimbygda som lokalsamfunn, og eg har vore så heldig å få samarbeide med mange dyktige folk. Dette har gjeve meg verdifull kunnskap og erfaring som er god å ha med seg når eg nå skal ut og søkje meg arbeid, seier ho.

Det er sikkert slik i alle bygder, men for Vågå sin del tykkjer eg det er spesielt at så mange er opptekne av å vere med å bidra i bygda, og at dei legg ned mange dugnadstimar i ulike arrangement. Det er unikt, seier ho.

Behov for kompetanse

Vasskraftsosialisten Vistekleiven ser på utbyggingane til Eidefoss som viktige milepælar dei siste åra. Både kommunalt og regionalt.

– Historia til Eidefoss har vore viktig. Utan den historia hadde vi ikkje hatt dei moglegheitene vi har hatt. Tenk berre på dei store overføringane til eigarkommunane, ein periode så mykje som ti millionar kroner i årlege overføringar til kvar. Vi har fått vere med på ei utvikling med utbygging i Smådøla og nå Nedre Otta - Noregs største vasskraftutbygging, seier Vistekleiven.

Elles pratar ordføraren varmt om både reiseliv, landbruk og næringsliv. Det å tilby læreplassar for å vere attraktive for busetjing og å skaffe kompetansen som bygda treng, er noko ordføraren brenn for. Vågå har mange eldre innbyggjarar i forhold til yngre, men ho meiner det er viktig å sjå den ressursen dei eldre er i bygdesamfunnet.

Attende i politikken

Når Iselin Vistekleiven takkar av som ordførar neste haust, er ikkje dette noko farvel til politikken. Berre ei pause.

– Eg har tenkt å ta ei pause og prioritere familielivet. Men eg ynskjer å koma attende i politikken ein dag, seier ho.

– Betyr det at du ser vidare mot fylkespolitikken eller Stortinget?

– Det spørsmålet kan henge i lufta, svarar ho lurt.

Vistekleiven seier at ho ikkje skal engasjere seg politisk dei neste åra, men organisatorisk innan partiet.

– Er du framand for å satse vidare mot fylket eller Stortinget? prøvar vi att.

– Dersom eg får moglegheiten til det, er eg open for å vurdere det. Men det er lokalpolitikken som ligg mitt hjarta nærast.

Iselin Vistekleiven vil ta ei pause frå politikken når ho neste haust takkar for seg etter åtte år som ordførar i Vågå. Foto: Arve Danielsen