Dersom alt går som planlagt, blir det hotell i etasjen over Brimibue.

Slik Fjuken forstår det, er det Brimibue som skal drive hotellet.

Eigarane av andre etasje i det som på folkemunne blir kalla nye Murgarden, er Amund og Råmund Mundhjeld. Dei to har invitert Tina Brimi i Brimibue inn på eigarsida.

– Da dei inviterte meg med i dette konseptet, tykte eg med ein gong det var svært interessant. Eg tenkte at dette er ei moglegheit eg ikkje kan sleppe frå meg. Du veit, ein må hoppe i det og ta dei utfordringane som dukkar opp. Med eit overnattingstilbod i andre etasje, og restaurant og butikk i fyrste etasje, ser eg spennande utviklingsmoglegheiter for Brimibue.  Å stadig utvikle seg, sjå nye moglegheiter og utvide tilbodet, tykkjer eg er viktig, seier Tina, som slår fast at det på noverande tidspunkt er for tidleg å seia så mykje meir.

– Vi er framleis i planleggingsfasen, så vi må nok få koma attende til detaljane på eit seinare tidspunkt. Når det er sagt, har eg lyst til å leggje til at eg ser det som ei stor tillitserklæring å bli invitert inn i dette prosjektet. Det var stort for meg, rett og slett, seier ei blid og nøgd Tina Brimi.