Som eit tiltak for å betre trafikktryggleiken langs riksveg 15 forbi krysset med fylkesveg 51 i Randen, er fartsgrensa sett ned frå 80 kilometer i timen til 60 kilometer i timen.

I sommarmånadene er det stor trafikk og til tider kaos i vegkrysset.

Campingvogner, bubilar, bussar og vogntog brukar store delar av vegen når dei kjem vestfrå og skal svinge opp fylkesveg 51 i krysset.

Sommarfartsgrensa gjeld fram til 1. september.

Statens vegvesen arbeider med planar for å utbetre krysset i Randen.