Både fylkeskommunen og Riksantikvaren har sagt nei til å gjera store delar av prestgardsjordet vest for stavkyrkja om til ny bussterminal. Dette var ein del av eit forslag for å rydde i det sommarvisse parkeringskaoset i Lom sentrum. Forslaget har òg skapt ein del motstand i bygda.

Kyrkjevollen er om sommaren full av turistbussar og bubilar som anten er på dagbesøk, ikkje har funne seg campingplass - eller ikkje vil finne seg campingplass.

Det er synet ein møter framom den gamle stavkyrkja, ein asfaltert plass full av bilar og bussar.

Som eit mindre ledd i å avhjelpe parkeringsproblema har kommunen føreslege å ta eit areal inntil eksisterande parkering i tunet på gamle Loar. Ein vil føre bubilane inn hit for å rydde på kyrkjevollen og dermed få plass til dei større bussane. Dette meiner politikarane berre er ein liten del i det store bildet, og kan gjerast omframt kommunedelplanarbeidet.

– Riksantikvaren si vurdering av framlegget, der det aktuelle arealet blir endra frå grasbakke til parkeringsplass for bubilar, er at det vil verke utilbørleg skjemmande for dei automatisk freda kulturminna Lom stavkyrkje og mellomalderkyrkjegard, seier altså Riksantikvaren til kommunen.

– Skjemmande? Eg lurar på kva dei har drukke. Det er da meir skjemmande at kyrkjevollen er full av bubilar, sa Kristian Frisvold (Bl) da ordføraren informerte om saka i formannskapet måndag.

– Ein kan bli oppgjeven over å få slike attendemeldingar. Skal vi la oss overkøyre av byråkratar, eller skal vi køyre saka til høgaste politisk nivå, spurde ordførar Bjarne Eiolf Holø.

– Få det til departementet. Vi har ei god sak og kan ikkje gong på gong la oss overkøyre av desse, unnskyld uttrykket; jævla byråkratane, kom det kontant frå Frisvolds flanke.

Kommunen har fått fylkeskommunale kroner til tilrettelegging av parkering og skilting, men ein del av beløpet er halde att. Kommunen får ikkje alt dersom dei vel å asfaltere dei få kvadratmetrane på Loar. Der står saka, i limbo - ein mellomtilstand som teke rett ut frå katolsk tid da kyrkja var ny og pilegrimane sto i alt anna enn do- og busskø på kyrkjevollen.

Medan alle skal tenkje seg om fleire gonger, går nok ein sommar og ein er parkeringslamma i Lom.

Slik er det ofte på kyrkjevollen om sommaren, og kommunen vil helst ha vekk bubilane. Foto: Lom kommune