– Dette er heilt unødvendig, seier Trond Elda, nestleiar i vegstyret til Finndalsvegen.

Han fortel at det har vorte slik at dei må legge fåe billett-konvoluttar ned bomkassa om gongen, på grunn av at desse blir fjerna.

– Da vegen opna for eitt par veker sidan, vart billett-konvoluttane fjerna med ein gong, seier Elda.

Han tykkjer det nesten er komisk at billettane blir borte. Elda fortel at han har opplevd å fylle bomkassa med billettar på veg innover Finndalen, og at desse har vore borte når han kjem attende.

Irritasjonsmomentet er ein ting, det andre er at det kostar pengar å stadig trykke opp nye billettar.

– Vi kjem til å setje opp kamera for å overvåke området ved bomkassa og vil setje opp skilt for å varsle om dette. Vi kjem også til å ta stikkprøver langs vegen for å sjekke billettar, seier Elda.

Nestleiaren i vegstyret fortel at årets sesong blir den siste med bomkasse i vegkanten. Neste år blir det elektronisk bom.

Den nye bommen skal plasserast lenger innover dalen.

– Vi er avhengig av at det er mobildekning der bommen blir plassert. Bommen blir plassert aust for der vegen kryssar Gjerdingåi, seier Elda.

Han fortel at dei satsar på solcelle som kjelde for den elektroniske bommen.

Trond Elda fortel at erfaringar frå andre plassar som har innført elektroniske bommar, så har inntektene dobla seg.

– Inntektene vi får inn som bompengar, blir brukt til vedlikehald og opprusting av vegen, seier Trond Elda.

Førre veka var han og maskinentreprenør Kjell Magne Bøhle i sving med grøfting og utskifting av fire stikkrenner langs vegen. Ei av stikkrennene var steinsett. Nye stikkrenner som vart lagt ned har større dimensjon for å auke kapasiteten.

– Vegen blir grusa opp enkelte plassar innover, og vegen skal også høvlast, seier Elda.

Han fortel at dei har leigd inn Mesta til å salte vegen.

I fjor vart det gjort ei større utbetring av vegen frå Sterringi til Vangen, der det vart køyrt på eitt par tusen kubikk med grus.