Både spelarar, trenarar og oppmenn i fotballgruppa i Lom vart «fortusta» da meldinga frå utanlandsproffane Morten Thorsby og Mats Møller Dæhlie kom. Dei ville gjerne trene unge fotballspelarar ei økt i Grov. Dei heldige utvalde spelarane var Lom/Skjåk G14 og Vågå J12.

Thorsby, som til dagleg spelar i nederlandske Heerenveen, tillet vi oss å kalle «litt lomvær». Familien har nemleg feriestad i Visdalen, og Thorsby har hatt fleire sommarferiar der.

– Eg er til og med døypt i lomskyrkja så eg har absolutt tilknyting til Lom, seier han.

Saman med kompis Mats har han dei siste dagane vore i området, og tykte det kunne vera artig å ha ei økt med unge fotballspelarar.

Etter ei oppvarmingsøkt vart det trent possesion på små flater og treningsøkta vart avslutta med fotballkampar, der dei to proffane og landslagsaktuelle spelarane deltok.

Etterpå var det samling med ei oppsummering og mange gode spørsmål frå dei unge håpefulle frå Ottadalen. Alt frå spørsmål om løn, favorittspelar og favorittlag vart stilt. Til slutt kom spørsmålet:

– Blir de aldri lei fotball? Det blir eg!

Både Morten og Mats forsikra om at også dei kunne bli leie, men at det var viktig i ung alder og vera aktiv på fleire område.

Dei streka også under at det skal mykje arbeid og trening til om ein vil bli profesjonell.

Båe to flytta utanlands i ung alder, Møller Dæhlie var berre 15 da han skreiv under for Manchester United, medan Thorsby var 18 da han flytta til Nederland.

Møller Dæhlie hadde med seg ei trøye frå klubben han skal spela for frå 1. juli, St. Pauli, og ei landslagstrøye som vart gjeve bort etter ein uhøgtideleg quiz.

Dei to fekk mange nye fans i Grov som vil fylgje nøye med på korleis det går med dei, både i klubb og på landslag.

Thorsby hadde denne meldinga til lomværane:

– Eg kjem attende!