Saman med mor Hulda Kleiven Røiseng har Synnøve Øygarden måla ein kar i bunad og ei kvinne i råndastakk med hol for hovudet, slik at turistane nå kan sikre seg eit nasjonalromantisk minne frå Vågå.

Synnøve fortel ho fekk ideen da ho besøkte slottet i Versailles i Frankrike.

– Der var det plassert ut mange slike der ein kunne ta bilde av seg som Solkongen. Eg tenkte at dette kunne vore fint her i bygda, der bunad og råndastakk er vårt særpreg, seier Synnøve Øygarden.

Som sagt, så gjort. Synnøve fekk med mor Hulda til å måle figurane i naturleg storleik på ei treplate.

Treplata er montert på veggen på Liehjørna, i smuget inn mot bakgarden.

– Nå kan turistane ta bilder av seg i bunad og råndastakk som eit minne frå Vågå, seier Øygarden.

Bak på treplata vil ho henge opp informasjon om bunaden og råndastakken, slik at turistane blir kjent med historia og bruken av bunaden.

Råndastakk med rutaliv var frå gamalt eit tradisjonelt plagg til både kvardag og fest.