Laurdag blir motbakkeløpet Lomseggen Upp arrangert for fjerde gong. Attendemeldingar frå deltakarar og dialog med motbakkekomiteen i idrettsforbundet, gjev godt håp om at det kan skje.

– Vi skal iallfall søkje om å koma inn som eitt av fem løp som utgjer Norgescupen i motbakkeløp, fortel Rolv Moen og Peder Sperstad.

Det eine av av desse løpa er også norsk meisterskap, og håpet og ynsket er at dette kan leggjast til Lom og Lomseggen Upp neste år.

– Vi er oppmoda om å søkje, og Lomseggen Upp er av dei mest spektakulære løpa, både for løparar og tilskodarar. Fleire andre motbakkeløp blir arrangert langt unna folk. I Lom ligg alt såleis flott til rette, seier Moen og Sperstad som tykkjer det hadde vore artig med eit NM i «jubileumsløpet» neste år.

Lomseggen Upp er 4,8 kilometer langt og bratt, med ei stigning på 1.154 meter.