Håndverk+ blir arrangert for fyrste gong denne helga. Målet med arrangementet er å skape kunnskap om og interesse for den rike handverksarven vår, slik at gamle teknikkar og metodar blir med vidare inn i framtida.

Vågå husflidslag står mellom anna bak ei interessant kofteutstilling. Husflidslaget syner fram 40 kofter, kvar med si historie.

Eit godt døme på kofte med historie, er ei heidalskofte som vart mykje brukt av Jørgen Haugen. Som 15-åring kom han til Gardsøy i Vågå som læregut. Han vart forelska i gardjenta Anne Øy – og dei ville gifte seg. Da far til Anne fekk vite dette, måtte han fortelja dei at han hadde teke Jørgen til gards fordi han var far hans. Noko giftarmål vart det derfor ikkje.