– Vi har ikkje statistikk som fortel oss eksakte tal så langt i juni, men eg har ei bestemt kjensle av at det er fleire enn det det var i fjor på same tid, seier Sindre Banken, ein av mange guidar i Lomskyrkja.

Aase Helland seier seg samd.

Dei to guidane fortel at det har vore spesielt mange franskmenn innom så langt i sommar.

– I går kom det to bussar med franskmenn. Så langt i dag har det faktisk vore fem bussar med franskmenn, så da blir det ein del skravling i løpet av ein dag, ler Aase, som guidar på fransk.