Ein skulle kanskje tru at avslutningsframsyninga ville vera litt tung og trist, men slik vart det absolutt ikkje. Det var leik og moro, mykje humor, artige sprell, fin song og musikk. Det var ikkje kjedeleg så mykje som eit sekund.

Publikum fekk vera med bakover i tid. Elevane tok føre seg ulike hendingar både nasjonalt og lokalt. Alt vart fortalt på ein humoristisk måte ved hjelp av sketsjar, små dansenummer eller ein liten trudelutt – og så var det rett over til neste nummer. Og neste. Og neste. Det var full fart gjennom heile framsyninga.

Underteikna har vore på ei mengd elevframsyningar opp gjennom åra. Dette er blant dei aller beste vi har sett.

Korleis reagerte publikum? Med trampeklapp, sjølvsagt. Ikkje berre til slutt, da publikum reiste seg, men rett som det var gjennom heile framsyninga.

Snart er det slutt for Nordberg skule. Frå i haust skal elevane gå på Skjåk barne- og ungdomsskule i Bismo.

– Å leggje ned skular er noko som vekkjer kjensler. Somme er kanskje sinte, andre frustrerte, men slik er det nå ein gong. Vi skal gå vidare. Eg er sikker på at det vil gå bra å vera elev ved Skjåk barne- og ungdomsskule også, sa ordførar Elias Sperstad da han takka elevane for framsyninga.