– Det er åtte år sidan eg tok i ein fotball, men dette er fantastisk! Eg sa ja til å vera med med ein gong eg fekk spørsmålet. Det viktigaste er det sosiale, dei gode kameratane og alt tullpratet. Det er mange gode minne som kjem att, skal eg seia deg, sa ein begeistra Torkild Husom Husevåg til Fjuken.

Han var målmann i fyrste omgang, men tok seg likevel tid til ein prat midt i kampen, mellom «redningsoppdraga», så å seia.

Det var Frode Aurmo som sette inn 1-0-målet for «dei gamle». Inge Hansen, ein heidøl som spelte for Lom på slutten av 90-talet, syrgde for 2-0, før Amund Teigen reduserte til 2-1 for dagens A-lag. Inge Hansen fastsette sluttresultatet til 3-1 på eit framifrå langskot.

Det var Per Dagfinn Ersvik, som var trenar for Lom da dei verkeleg var på topp, og Tor Arne Sandviken som arrangerte kampen.