Frå i haust skal elevane starte i nyskulen i Bismo. Det gler dei seg til, men både elevar, lærarar, foreldre, besteforeldre og oldeforeldre kjem heilt sikkert til å sakne alt det gode dei opplevde i Marlo.

– Dette bygget har vore brukt til så mykje opp gjennom åra, ikkje berre skule, sa administrasjonslærar Gunn Siri Steinveg da ho ynskte publikum vel møtt til avslutningsframsyning fredag.

– Under krigen var det sjukehus her, det har vore snekkarskule, husmorskule, framhaldsskule, ungdomsskule... Trass i at Marlo skule skal leggjast ned, er eg overtydd om at dette bygget blir viktig for bygda også i framtida, sa Steinveg.

Elevane kunne by på mykje artig i si avslutningsframsyning. Same framsyning skal arrangerast i morgon, laurdag. Publikum fekk servert sketsjar, song og dans.

Elin Rø Krogstad, som har vore lærar ved Marlo skule i fleire tiår, hadde sydd saman ein artig seanse med tidlegare elevar.

– Dette er verdskjende elevar, sa ho lurt – og presenterte Kristian Hosar, Endre Skjåk, Guro Grimstad og Marit Skjåk Klepp. Alle fire fekk i oppgåve å fortelja kva minne dei sit att med frå si tid i Marlo skule. Alle hadde gode minne, det var trygt og godt å vera elev i Marlo, rett og slett.

Marit Skjåk Klepp, tidlegare elev og nå lærar ved Marlo skule, slo fast at ho kvir seg stort til det verkeleg er slutt, den dagen døra skal låsast for siste gong.

Det nikka dei andre samtykkande til.