Sjølv om det var roleg på Gjendeosen ved høgst dag fredag, hadde båten frakta innover 170 personar som skulle gå over Besseggen om morgonen.

Gjendebåten har fått ny brygge for sesongen. Det står att å olje betongdekket, før stengsla blir fjerna.

I dag må skipper Harald Rune og turistane gå på treplater for å koma ut på brygga.

Øvstedal fortel at bygginga av bryggehuset startar til hausten og skal stå klart til neste sommar.

- Det skal bli godt å få utstyr under tak, seier Harald Rune Øvstedal.

Laurdag er det venta mykje folk til fjells, og nesten fire fullbooka båtar skal frakte folk over Gjende til Memurubu for start på attendeturen over eggen.

I kiosken på Gjendeosen var Tor Andvord i full sving på kjøkkenet for å lage mat til dei fyrste gjestane.

Saman med Øvstedal står Andvord bak selskapet Besseggen 1743 som er tildelt drifta av kiosken og parkeringa av Statens vegvesen.

- Eg kallar det kiosk. Vi skal by på enkle smårettar. Det er så mange andre her i Sjodalen som er gode til å lage middag, vi treng ikkje drive med det, seier Andvord.

Besseggen 1743 har investert mellom 1,5 og 2 millionar på ombygging og opprusting av den gamle kiosken på Gjendeosen. Største oppgraderinga er toalett i same bygget som kiosken.

Tor Andvord fortel at 15 personar skal vere med og arbeide i kiosken og parkering i sommar. Kring halvparten er lokale.

Årets sommarsesong blir den siste med parkering på Gjendeosen. Frå sesongen 2019 blir all parkering på Reinsvangen, der arbeidet er i full gang med å utvide plassen.

Sjølv om all parkering i hovudsak skal bli på Reinsvangen, blir det framleis nokre plassar ved Gjendeosen. Her blir det 30 korttidsplassar og 27 plassar for fiskarar og rettshavarar.

For dei som skal parkere ventar også noko nytt; parkeringsautomatar. Og på parkeringsplassen for lokale fiskarar og rettshavarar er snart bommen på plass.