På Gjendesheim turisthytte opplever hyttevert Marius Haugaløkken ofte at folk har gløymt att fjellkleda heime, eller ikkje har fjellklede eller ryggsekk frå  før, og difor kjøper seg nytt utstyr eins ærend for turen over Besseggen.

- Det er ikkje noko god løysing for lommeboka eller miljøet, seier Marius Haugaløkken.

Nå går turistverten nye stigar og tilbyr utleige av jakker, bukser og ryggsekker i aller storleikar.

- I sommar kan du leige skalljakke eller varmejakke, fjellbukse og ryggsekk med høg kvalitet på turisthytta, seier turistvert Marius Haugaløkken.

Prosjektet er eit samarbeid med Bergans og Den Norske Turistforening.

- Nå kan utstyret bli brukt kvar dag. Når det er utslite blir det sendt i retur til produsenten som resirkulerer klede og utstyr. Eg ser ikkje for meg å skape eit nytt tilbod, med heller løyse eit behov for dei som har gløymt fjelljakka si heime eller manglar utstyr, seier Haugaløkken.

Han seier at den økonomiske gevinsten ikkje blir stor når han nå går glipp av sal av fjellklede, men turistverten gler seg over at klimagevinsten blir større.

I fjor gjorde turistverten ved Gjendeosen stor suksess med «pant på drikkeflasker». I staden for å selje flasker med vatn, selde han flasker der gjestane sjølve fylte desse med vatn. Om dei ikkje ville behalde flaska etter fjellturen, fekk dei «panta» flaska.

- Naturen vi lever av og i, må bevarast. Da må det økonomiske tankesettet snuast. Vi må redusere det økologiske fotavtrykket og sikre naturen for komande generasjonar, seier Marius Haugaløkken.