Innbrota har truleg skjedd dei to siste månadene.

– Det har vore fleire tilfelle i Sjodalen og området rundt Bessheim. Vi har óg fått melding om innbrot i ei hytte ved Bessvatnet. Hytteeigarane som har meldt frå til oss, fortel at det er tydeleg at det har vore folk inne i hytta, men at verdiar ikkje er stolne, fortel politibetjent Øyvind Aaboen ved Lom lensmannskontor.

Politiet er ute etter tips. Dersom du har observert mistenkjeleg aktivitet i området, eller køyretøy du har reagert på: Ta kontakt med politiet.

– Det kan nok vera lurt at dei som har hytter i området tek seg ein tur for å sjå om også dei har hatt besøk. Meld frå til oss dersom du reagerer på noko, oppmodar Aaboen.