Bondebryllup for n'te gong

Så snart lerka har jubla høgt i sky, «giftar» åttandeklassingane seg i Lom.
Nyheiter

Årets Bondebryllup fekk flotte rammer, sommar, sol og eit par busslaster med turistar som undra: «Is it Graduation Day»?

«Brudeparet» Line Brenden og Lars Fyrun hadde selskap i hestevogna av «forlovarane» Nora Aouina og Emil Fjeld.

Brureferda gjekk frå skulen, om rundkøyringa på Bergom og opp til Presthaugen, der bygdekvinnelaget venta med rømmegraut. Ungdomane vart òg fortalt litt om gamle skikkar i store gjestebod.