– Eg har respekt for at dei har opplevd det slik, men eg kjenner behov for å seia at det har ikkje eg. Ikkje i det heile tatt. Eg vil heller seia tvert om, eg har fått mykje oppmuntring og støtte frå det som blir karakterisert som «eldre karar» i lokalpolitikken, seier Skogsrud Bjørgen.

Rett nok har ho opplevd motstand, men da har det handla om politiske meiningar.

– Og det er slik det skal vera. Vi må tåle debattar og vi må tåle at vi har ulike meiningar. Det er det som er lokaldemokrati.

Synne Skogsrud Bjørgen er redd for at fokuset på negative sider ved å vera lokalpolitikar, vil skremme bort unge kvinner.

– Denne såkalla ukulturen i lomspolitikken kan eg ikkje skrive under på i det heile tatt. Eg vart godt motteken både frå mitt eige parti og frå dei andre. Eg har ikkje kjent på at eg har vorte behandla på andre måtar enn menn. Det har eg aldri opplevd, faktisk – heller ikkje gjennom oppveksten, gjennom utdanninga mi eller som mellomleiar i kommunen. Eg vil påstå at min generasjon ser det som heilt sjølvsagt å vera likestilt. Vi ville heller ikkje ha funne oss i noko anna, seier Skogsrud Bjørgen, som meir enn gjerne kan anbefale unge kvinner – og menn – om å engasjere seg i lokalpolitikken.

– Det er både spennande, lærerrikt og utviklande, og det tek ikkje så mykje tid som folk kanskje trur. Eg har full jobb og tre små ungar, men føler likevel at eg har tid til å engasjere meg i lokalpolitikken.

Synne Skogsrud Bjørgen nektar ikkje for at det kan bli brukt hersketeknikkar i både lokalpolitikk og arbeidsliv, men ho meiner det blir heilt feil å skulde mennene for det.

– Det einaste eg har opplevd som liknar ufint press og hersketeknikkar, var det kvinner som stod bak, slår ho fast.

42 prosent av kommunestyret i Lom er kvinner.

– Når eg ser på dei nye som kom inn i kommunestyret i Lom 2015, var det faktisk nesten berre unge kvinner. Pluss ein ung mann. Dermed er det ikkje samsvar mellom det som blir sagt og påstått – og det som er faktum. I alle fall er det ikkje det etter mi meining. Vi har òg mange kvinnelege leiarar i kommunen elles, så totalt sett meiner eg det er ganske bra i Lom.

Synne Skogsrud Bjørgen kjenner ikkje noko behov for å melde seg inn i «kampen» for å få fleire kvinner inn i kommunestyret – eller inn i andre fora, for den del.

– Og det er nok fordi, basert på eigne erfaringar, eg ikkje føler at dette er ei sak eg brenn for. Eg tenkjer det er litt gamaldags, på ein måte. Eg vil at folk skal veljast inn i kommunestyra som eit resultat av kompetansen dei sit på, kva dei står for, meiningar dei har, stutt sagt personane dei er – ikkje om dei er kvinner eller menn. I mitt hovud blir det feil.

Den unge Lomslistepolitikaren presiserer fleire gonger at ho ikkje vil gå «i duell» med kvinner som sit på heilt andre erfaringar. Dei har opplevd det dei har opplevd, slår ho fast.

– Men eg tykkjer det er viktig at eg fortel om mine erfaringar, slik at miljøet i lomspolitikken ikkje blir framstilt så skrekkeleg negativt. Det tykkjer eg ikkje er fortent, rett og slett.