Grov stadion 9. juni: Lom 98 mot Lom 18. For ein kamp det vil bli; truleg på høgd med kampen mellom Noreg 98 og Brasil 98 som går på Ullevål same dag.

Sesongane 1998 og 1999 kjempa Lom i toppen på det tredje nivået i norsk fotball. Eit usannsynleg opprykk til 2. divisjon var nesten innan rekkevidde. Det skjedde ikkje, og sidan har A-lagsfotballen i Lom gått frå å vera best i dalen til det stikk motsette.

Det er toppsesonganes trenar, Per Dagfinn Ersvik, og Tor Arne Sandviken som arrangerer kampen og samlinga med datidas spelarar.

– Store navn som Øyen, Mallaug, Lundamo, Aurmo, Båtstad og Flaten skal atter imponere på kunstgraset. Alle er velkomne og Lom-seier garanteres denne ettermiddagen, heiter det i reklamen for kampen.