Kommunane Lom og Vågå, naudetatane og Statens vegvesen held ei realistisk beredskapsøving i Byrebergtunnelen på riksveg 15 torsdag 7. juni.

Målet med øvinga er å trene på redningsarbeid og samhandling mellom dei ulike etatane når det skjer alvorlege ulykker i ein vegtunnel.

Dei offentlege etatane som deltek i øvinga får også hjelp av Norsk Luftambulanse på Dombås, dersom helikopteret ikkje er oppteke med reelle oppdrag på dette tidspunktet.

I tillegg til å øve på redningsarbeid i tunnelen, blir utslepp av miljøfarleg stoff også eit tema under øvinga.

Det blir mange deltakarar og utrykkingskøyretøy på riksveg 15 mellom Vågå og Lom torsdag føremiddag.

Tunnelen blir stengt mellom kl. 11.00 og kl. 13.00, under øvinga.

For personbiltrafikk mellom Lom og Vågå blir det omkøyring om fylkesveg 468 på nordsida av Vågåvatnet, så lenge tunnelen er stengt. Køyretøy over 3,5 tonn må vente til vegen opnar att.